VIKTIG INFO!!

Vi er eit kor for deg som går i 6. -10.-klasse.

Vi øver i Pinsekyrkja torsdagar kl 18.30 til 20.15

Ikkje øving torsdag 26 januar.

Generalprøve/ Øving torsdag 2 februar kl 18.30

KONSERT fredag kl 19 i Pinsekyrkja. GRATIS

 

 

 

Plakaten frå konserten vår!

 

 

 

 

Info

 

 

 

 

 

Reportasje på Normisjon sine nettsider

På nettsidene til Normisjon finn du ein reportasje om Volda og Ålesund Soulchildren.

http://www.normisjon.no/index.php?kat_id=3004&art_id=41870

 

Oppstart

Torsdag 2. september kl. 18.30 startar det opp eit nytt tenåringskor i Volda med namnet Volda Soul Children. Dette er eit kor for alle som går i 6.-10. klasse, og det vil bli ein del av ei stor, nasjonal Soul Children-familie!
Soul Children-konseptet starta for over 10 år sidan i Oslo, då Oslo Soul Children blei oppretta av Ragnhild Hiis Ånestad. Tanken då var å lage eit kor for dei som hadde vokst ut av barnekor og som var for små til ungdomskor eller Ten Sing. Vidare skulle det gjerast spenstig og på barnas premissar. Det skulle bli eit kor som dei unge ville vere stolte av å vere med i, og det skulle vere eit trygt miljø. Det heile blei ein stor suksess, og no - 10 år seinare - er det starta over 60 slike kor over heile landet.

Elisabeth Strand

Oslo Soul Children har gitt ut fleire cd-ar, opptrått på Skavlan, Spellemannpris-showet og er eit pilot-kor for Soul Children-konseptet.
No kjem dette populære konseptet også til Volda, og det er med glede ein kan presentere dette koret! Øvingane blir i Pinsekyrkja, men du treng ikkje gå i Pinsekyrkja for å bli med. Det er ope for alle, og øvingane vil bli kvar torsdag. Ein torsdag i månaden skal koret ha eit fellesopplegg med Junior, der ein dreg på fisketur i lag, har rebusløp i skogen i lag osv.

 

Nokre dyktige musikarar vil vere med å bygge opp eit eige komp til koret, og tanken er at det er ungdomar sjølv som skal spele. Elisabeth Runde Strand skal vere hovudleiar og dirigent. Ho har lang erfaring med å drive barnekor i Volda.
Volda Soul Children vil satse på å ha bra kvalitet både på det musikalske, det åndelege og det sosiale. Det vil bli lagt stor vekt på at barna skal trivast i eit trygt miljø, samtidig som ein har sang og musikk som barna kjenner seg igjen i. Øvingsweekend, kortur og konsert er også
hendingar som ein får oppleve når ein blir med i koret. Så synest du dette høyrest spanande ut, så ta med deg ein venn og bli med i Volda Soul Children!
Oppstarten blir Torsdag 2. september kl. 18.30 i Pinsekyrkja. Vidare vert det øvingar kvar torsdag til same tid.
Velkomen!

 
| + - | RTL - LTR